Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hemne
Sør-Trøndelag
Jaktsesong utan rifle
(Skrevet av Anders 02.10.2010)

Tur foretatt: September 2010.

På jobbtur til Kyrksæterøra stod ein kommunetopp for tur. Vurderte Aure grunna at dette såg meir ut som ein fottur, men det var litt for langt å køyre. Etter avklaring med kursdeltakarane fekk eg vete det var Bordstad som var rett startpunkt.
Køyre 23 min og fann parkeringsplassen ganske greitt, masterekka opp fjellet er lett å sjå. Surra litt med å finne stien så dro rett over elva, over ei mark og kom til merka refleskløype som leda opp masterrekka. Nedover kom det jeger på jeger utan jaktbyte, men med ein god solskinnsdag og vindstille i beina.
Eg brukte Noreg Kartverk sitt kart over sti til toppen og etter brua der ein drar frå masterrekka skulle stien gå rett opp fjellnasen og så sørvest mot toppen. Den merka stien går dog lenger "inn" i dalen og opp sør for den store myra vest mastene. Eg valte å følgje merka sti oppover og dog det var litt kjedelig sti og manko på sol i dalen bar det kjapt mot toppen når det ikkje var fotomotiv å sjå. Kom til ei militær hytte og såg etterkvart toppmassivet. Det var ein militær installasjon med 4 "boksar" og eit par Madonna-puppar(...). Litt lenger sør låg sjølve toppvarden med hytte, bok og flott kveldsol. Var 10 minutt på toppen og såg på ei fantastisk utsikt i alle retningar.
Vurderte å ta eggen sørover ned att for betre utsikt og ein fin runde, men då eg var åleine og det byrja å mørke valte eg den trygge, merka stien (pluss at det var eit tøft motiv for fot her nede). Ved mastane ned att måtte eg på med lykt og refleksmerkinga var då genial. Herlig tur, verdt å ta seg tid!

Tid opp: 1t 40min
Tid ned: 1t 20min


Tilbake til Hemne




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset