Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Snillfjord
Sør-Trøndelag
Det er ikkje derfor ein driv med dette...
(Skrevet av Anders 08.09.2010)

Tur foretatt: September 2010.

Tur tatt: 07.09.2010
Tid: 1t 40min t/r - Lett jogg
På veg frå Hemne til fly frå Værnes vart turen lagt via Snillfjord. Tida var knapp, og eg hadde rakk berre å ta eit bilete av kartet via mobiltelefonen før avmarsj frå Vutudalsætra ved brua. På med joggetøy og litt ekstra klede og drikkeflaske og lett jogging inn over Fjelldalen. Nydelig underlag med myr og sti heile vegen og passe helning slakt oppover.
Ved runding av Fjellbrunna runda eg oppover mot toppen, retning nord. Burde holdt meir retning nordaust for opp dalen langs elva var det litt tett vegetasjon. Men etter passering av dette var det ivrig gange/jogg på kompasskurs mot der eg meinte toppen skulle ligge. Kontrollsjekka det eg kunne, men kart på mobiltelefon er ikkje århundret sitt beste sjakktrekk, kan du seie.
Gjekk dog kanske rett i toppunktet og fekk tatt dei naudsynte bileta. Hadde no ufint lite tid til flyet gjekk så var berre å kaste seg rundt nedover lia att. Freista ta ei løype "rett på" ned att, men frykta å gå på ein smell med eit stup og haldt nesten same trasée ned att. Kom ned 37 minutt seinare, passe pest og måtte køyre litt på for å rekke flyet.
Forbanna meg sjølv på at det ikkje skal verte fleire slike turar med slikt press på tid. Her var det nemleg ein vakker soldag med nydelig temperatur, flotte moltemyrar og høve til å kose seg minst ein time til i dette fjellet. Kanskje ein annan gong.
-
Turtips! Gå rundt inn Fjelldalen og ikkje rett opp, spesielt på vinterstid.


Tilbake til Snillfjord


 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset