Ny bruker
Logg inn
 
Kommunetopper (430)
Fylkestopper (19)
2000m (129/228)
Øytopper (400)
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m

Nordland
Jomfruar i nød, kratt og 20 kvasse meter!
(Skrevet av Anders 04.09.2010)

Tur foretatt: September 2010.

Ser no at det var omtalen til Kjetil eg burde lest. Vil anbefale denne rapporten og følgje den ruta.
-
Sjølv starta vi frå Handkleppan, Simonstua og fekk ei helsikkes oppstiging gjennom kratt og stupparti, ca. 150 høgdemeter. Det beste ved start her er å følgje elva oppover til Spikerheia; Å ligge i skråninga oppover var heilt ok, men litt kyrete med steinur og nokre ufine partiar.
Gjekk på ryper og molte og rufsete underlag plagde i grunnen ikkje meg, men turselskapet mitt var ikkje supernøgd med vegval og helning på fjellet sjølv om det var mose på steinane.
Det var lita pause ved foten av Spikerheia der vi splitta oss, ho gjekk ned att og eg peisa mot toppen som såg ekte kvass ut. Det er ikkje så gale som det ser ut!
Hadde ikkje full kontroll på kva toppane som var høgst så fulgte det Norges kartverk hadde definert som sjølve Vardetind. Den fyrste og andre eggen gjekk greit, men i sadelen opp til dei to østre toppane var det alpint og hissig. Gjekk på eit vis å komme seg opp i skaret, men grua meg til turen ned her. Skunda da bort til toppunktet og tok eit par bilete då meldingar tyda på at reisefølgje trengte støtte til turen ned att.
Fann ei rute ned att frå topplatået som var litt betre lenger sør, men ikkje optimal på noke vis. Så vart det beining ned att for å redde frøkna frå uhell. Ikkje ensa det meg å vurdere den nordligste toppen som høgst og berre pile bortom den (var berre barnemat samanlikna med sjølve Vardetind...). Reknar uansett toppen som godkjent, då det er berre eit par meter det er snakk om. Men tar gjerne turen opp seinare med det betre vegvalet.
I søndre nase på Nattmålstinden stod jomfruen og haldt varmen og ikkje ville sjå ned i fjorden der nede og ikkje ville gå på steinar. Vi fann ei flott, mosekledd rute ned att og tok vår tid for å sikre at humøret kom att og tryggheita i skogen hjalp på. Ingen stup og ingen reell fare, men det er topplokket som må vere trygg på ein slik tur.
Det vart ein lang tur og vi avslutta med å prøve den gigantiske burgeren i Sortland(Essoen) etter ein times køyring. Lenge sidan 250 gram har vore forsøkt forsert. Langt fram til å komme på "Wall of Fame", då må ein presse 999g kjøtt på burgeren.
Framifrå natur, flott topp, litt kjipt at turfølgje fekk ein "høgdestøkk", men eit eventyr var det :)


Tilbake til Bø




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset