Dagbok fra Kilimanjaro


Oppsummering av ekspedisjonen - 13. jan

Sjølv om vi innerst inne håpa, så var det ingen av oss som trudde på ein slik suksess. Men i løpet av to dagar klarte samtlege 22 deltakarar å karre seg opp på Afrikas høgste punkt. (Klikk på bildegalleri for å sjå nye bilde frå toppen. Vi manglar framleis bilde av nokre av dei som var på toppen.)

Då vi i går landa på Gardermoen etter 11 opplevelsesrike dagar i Afrika, var nok dei fleste glade for å ha norsk jord under beina igjen. Men vi håper og trur at denne turen har oppfylt det kvar enkelt har drøymt om, og kanskje litt til. Å kome til eit heilt nytt kontinent, ein heilt ny kultur, å stå midt blant elefantar og løver, og ikkje minst: å vinne over seg sjølv og klatre til topps på sjølvaste Kilimanjaro. Alt dette gjev inntrykk som ein treng tid på å fordøye, men som ein kan leve på i lang tid. Vi vil gje ros til kvar og ein for god innsats, tålmod, positivitet og godt humør og overbærenhet med ting som ikkje gjekk 100% på skinner. Vi føler at ekspedisjonen alt i alt var ein suksess, både fordi kvar og ein nådde sitt mål, men like mykje fordi Tanzania med fjellet Kilimanjaro og dei fantastiske nasjonalparkane er eit reisemål som aldri vil skuffe deg!

Dersom du har lyst til å bli med oss på ein av våre neste ekspedisjonar til Himalaya eller Kilimanjaro kan du melde deg på fra vår hovedside www.wwv.no. I slutten av januar vil vi også presentere nokre nye ekspedisjonar i løpet av 2008 og 2009.

Dag 11 - 12. jan

To dagar med safari i Lake Manyara og Ngorongoro, samt ei natt på eit flott hotell med god mat markerte slutten på den første WWV-ekspedisjonen til Kilimanjaro.

Det vart ei verdig avslutning på ein tur vi alle saman vil minnast for resten av livet. Bildegalleriet er oppdatert med nokre bilde frå safarituren, men dette er berre eit lite glimt av alt det du får sett i nasjonalparkane.

Vi vil igjen beklage at oppdatering av tekst og bilde undervegs ikkje var like hyppig som tenkt. Dette skuldast i all hovudsak at vår NERA satelittelefon ikkje lenger var kompatibel med NERA sin USB drivar i Windows (forstå det den som kan). Dette vil vi sjølvsagt bli retta på til dei neste turane våre.

Dag 8 - 9. jan

Det var ein sliten, men glad gjeng som i dag kom ned igjen til Moshi. No er det klart for feiring i kveld og safari i Lake Manyara og Ngorongoro i morgon.

NB: Bildegalleriet er oppdatert.

Dag 7 - 8. jan

I løpet av morgonen har alle 19 + Petter vore til topps på Kilimanjaro. Ein fantastisk prestasjon. Vi gratulerer til Stein, Robert, Børre, Arvid, Anders, Gisle, Jan Otto, Ole-Arnt, Rachel, John, Oddveig, Johan, Gudmund, Svein, Olav Inge, Arnt, Knut Ove, Dag og Sigbjørn! Ein spesiell gratulasjon til Svein og Børre som feira bursdagen sin på Afrikas tak!

Dag 6 - 7. jan

I dag kl 8 var Runar, Espen og Tarald på toppen. Vi gratulerer! Dei er no allereide på veg tilbake til Moshi. Vi kem tilbake med bilde seinare i dag.

Alle dei andre er no oppe i Barafu og i følgje Petter er alle friske og i fin form, og klare for toppforsøk kl 11 i kveld.

Dag 5 - 6. jan

Alle deltakarane har i dag gått frå Baranco og over til Karanga Valley der den neste campen ligg. Tarald, Espen og Runar skulle også etter planen fortsette vidare heilt opp til Barafu. Dei er godt akklimatisert etter å ha vore på Mount Kenya nyleg. Framleis er alle i god form, med unntak av Frode som dessverre måtte avbryte og gå ned på grunn av infeksjon og lungeødem. Han er nede i Moshi no og i fin form igjen. Petter og tre lokale erfarne guidar vil følgje ekspedisjonen vidare mot toppen.

I morgon går turen vidare opp til Barafu Camp på ca. 4700m. Der er det den øverste campen, og toppforsøket startar rundt midnatt natt til onsdag. Tarald, Espen og Runar prøver seg kanskje på toppen allereide i morgon (tirsdag) dersom dei føler seg i form til det.

Dag 4 - 5. jan

Alle er vel framme i Barranco etter ein litt slitsam dag. Vi kan vel trygt seie at vi vart fort bak lyset av dei lokale guidane når det gjalt ruteval.
Men positivt er at framleis er alle i god form. Undervegs i dag var det fleire som hadde hovudverk og dårleg matlyst, men det meste av dette ser ut til å ha forsvunne no.
Det var god stemningrundt middagsbordet, og optimismen er stor. Imorgon blir det ein roleg etappe opp til Karange på ca. 4150m.

Kvar og ein av oss sender ei helsing heim til familie og venner. Vi har det heilt topp her i Afrika.

Dag 3 - 4. jan

Idag har vi gått frå Machame camp og opptil Shirra camp, som ligg på 3850m.
Vi brukte 6 timer på dagens etappe. Dette er som lusetempo å rekne i den norske fjellheimen, men her i høgfjellet er lusetempoet helt nødvendig for å unngå og bli høyde syk.
Dagen har gått veldig bra, og dei aller fleste er i svært bra form. Vi håper at denne trenden fortsetter dei neste dagane. Da er det stor sjangse for at mange av oss står på toppen 8. jan.
I morgen går vi videre til Barramco som også ligg på same høyde som Shirra.
Vi beklager at rapportene er kortere og mindre hyppige enn tenkt. Dette er på grunn av problem med data kommunikasjonen i fjellet.

Ps: Frode helser til mamma som er 60år i dag. Petter gratulerer også med dagen.

Dag 1 - 2. jan kl 09:55

Alt ser ut til å ordne seg for dei som er i Kenya. Dei ventar no på å få sleppe over grensa til Tanzania og vil vere i Moshi om få timar. Vi er no 18 som sit på flyplassen i Amsterdam og ventar på å gå ombord i flyet til Kilimanjaro.

Frode


Dag 1 - 2. jan kl 03:45

Då er det like før avreise for den aller første Kilimanjaro-ekspedisjonen i World Wide Vikings sin regi. Om ca. 3 timer set vi oss på flyet nedover, først til Amsterdam og deretter vidare til Kilimanjaro Airport i Tanzania. Det som kanskje er mest spenning med akkurat no er om Petter, Dag, Tarald, Sigbjørn, Espen og Runar klarer å kome seg frå Nairobi og over grensa til Tanzania i løpet av dagen. Vi andre 18 skal etter planen vere framme i Tanzania kl 20.45 lokal tid, som tilsvarar kl 18.45 norsk tid.

Det som er veldig synd er at Arne og Ingvild måtte melde avbud på grunn av sjukdom. Foreløpig sit eg her på Gardermoen saman med Svein, Knut Ove, Børre, Ole-Arnt og Gudmund. I løpet av ein time burde resten av gjengen også dukke opp. Alle er spente og gleder seg til nokre innhaldsrike dagar i Afrika.

Frode



 
© World Wide Vikings  -  E-post: webmaster@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset