Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Hellas
Europa
Blant greske guder og gigantiske furutrær
(Skrevet av Anders 20.06.2010)

Tur foretatt: Juni 2010.

Før øyloffing i Sykladane hadde eg fått trumfet gjennom ein eksepdisjon til innlandet og Hellas sitt høgste fjell. Vi startet med leigebil frå Athen og brukte fire feite timar til Litochoro. Enormt fine motorvegar og enkelt å finne avkjørsel frå E75.
På veg mot sentrum var det skilta mot Preoniaen kor starten på ruta er, det er 17km opp der. Det er godt med parkeringsplass og ein café ved framkomst. Vi møtte nokre som hadde gått frå Litochoro og opp her, det skal vere ein fin tur opp og ned, men trur dei gjorde det pga pengemanko.
Vi starta å gå ca. 1800 vell vitande om at middagservering på hytta stengde kl. 2100. Eg hadde tatt utsnitt av kart frå heimesida til hytta, Spilios Agapitos, det var nok til å finne vegen. Ellers er det berre å følgje hovudvegen og skiltinga oppover.
Vi brukte 2t 30min opp inkludert nokre fotostopp, men ellers lite pause. Stien er veldig fin, men det er jo 1000 høgdemeter uansett kor ein snur og vender på det. Brattaste parti kjem på slutten før hytta. Her var det ei nazifrøken som gav instruksar i klare ordlag; Ikkje ufint, berre litt lite gjestmildt. Vi fekk god middag, det er fabelaktig kva dei drar opp av godsaker til fjells. Vi fekk og prøv kvar sin Mythos, "the Hellenic beer of Greece", som alltid er godt etter lang gange.
Prisane er 12 euro for overnatting og vi fekk eit lite rom innanfor sovesalen. Mat og drikkepriser er det ikkje noko å klage på så ta ikkje med for mykje til fjells. Verre var det at vi måtte vere ute av rommet til kl. 0800 morgonen etterpå då eg treng eit par timar ekstra søvn for at kroppen skal fungere for tida. Men vi kom oss ut og frøken Nazi hadde mjukna opp i løpet av natta (ja, vi kan berre spekulere ;). Vi fekk god frukost og ho gav gode svar på våre stispørsmål, vermelding osv. Det er forøvrig fleire ansatte og andre turgåarar og konsolidere med her.
VI starta ca. 0945 frå hytta og brukte ca. 2 timar til Skala, fortoppen til Mytika som er høgste punkt/tind på Olympos. Her var det pause og mat før vi starta klivinga ned og opp og ned og opp til toppen. Her er det litt luftig, men det er gode grep og det var tørt og fint. Det kan vere meir kyrete om det er glatt eller isete, gode sko er uansett uunverlig!
30 minutt seinare stod vi på toppen og ulte mot Egeerhavet og alle som ville høyre på. Ein fabelaktig flott topp med utsikt til eit par kvasse tindar, Refugee C (S. Agapitos er Refugee A) og Antonio Station på nabofjellet. Veit ikkje kva type stasjon dette er. Skylaget bles opp mot toppen, men forsvann plutseleg og gav eit flott skue over overraskande alpine Hellas (sett under eit).
Vi kom oss så ned til Skala og brukte herifrå sjølvsagt renning i snørenna som kjappast nedfartsåre; Kjempeskøy :D Etterpå var det ned til eks-nazien og få oss ein betre gresk salat til lønsj med oliven og tzatziki og heile pakken. Vi kubba ein stund i sola før det bar ned at til Preoniaen. Ei lita time før vi var nede byrja det å rumle på himmelen så vi skunda på. Det byrja etterkvart å hamre ned med regn så vi var dassblaute ved ankomst parkeringsplassen. Siste biten møtte me masse lokale grekarar på vegg opp fjellsida som nok fekk ein blaut tur opp til hytta. Drivstoffet haldt akkurat ned til Litochoro kor du får grei overnatting med frukost til ca. 50 euro (siste halvdel av juni).
Vi feire med moreller og lokal vin på balkongen over sentrum av tettstaden og ei vitjing til den lokale stranden neste dag. Så var det attende til Athen kor turisthelvete låg for våre føte. Deilig, deilig^^

Tips! Fin temperatur om sommaren, sjeldan behov for varme klede, men ta med ein lett skalljakke.
Tips 2! Kan vere verdt å tenke fleire dagar her. Det er mange toppar å ta av.


Tilbake til Hellas








 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset