Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Frankrike
Europa
Verdas høgste skeinebrettkast (?)
(Skrevet av Anders 23.08.2005)

Tur foretatt: August 2005. Andre på toppen: Frode

Billegbilett med Norwegian til Nice -> Leigebil via Monaco til Italia til Chamonix.
Frode, Odd Ingvars (Helgesen Jr og Sr) og meg starta med 5 timer ganger på Col de Midi etter å ha ta heisen opp til Aguille de Midi (ca. 3800 moh). Flott dag med ekstremklatrare i fjellet rundt oss og høgden kjentes litt. Andre som hadde tatt samme rute me hadde planlagt (Tacul - Maudit - Mont Blanc) kom ned, nokon hadde vøre på toppen, andre hadde fått det for tøft. Høgden kjentes, men ikkje verre enn at me så lyst på neste dag.
Drog opp igjen med heisen neste dag og etablerte BC på 3500 moh på Col de Midi - breen. Taulag, stegjern og isøks var påkrevd og me koste oss i fint vær. Diverre blåste det til ut over dagen og snøvær og vind prega kveld og natt. Dermed var rute opp til Tacul uintakelig neste dag då bresprekkar var dekka til med mykje snø og faren for ras var overhenggande. Me fekk tips om at det ikkje gjekk ann å gå opp her på eit par dagar.
Dermed dro med ned og køyrte til Fayet i St.Gervaie, 25 min sør for Chamonix. Her startar den mest klassiske (og enklaste) ruta til toppen. Me rakk ikkje siste toget og tok dermed morgontrikkebanen til 2300 moh neste dag. Nyyyydelig sol og fint vær. Det tok 2,5 timer til Tette Rousse og me såg Gouther Hut på 3800 langt oppe på toppen av ein ofseleg vegg. Her var det steinsprang og 3 minus klatring og skikkelig skummelt, men me kom opp etter 3 timars slit. Hjelm påkrevd. Gouther Hut er ein skitten plass med surt vertskap (i motsetning til Cosmique hut) og dritlukt overalt. Og mykje folk. Men teltleir blei etablert og me fekk ein fantastisk solnedgang ca. 2030. Etter 3 timer i 'påsan' var me fyrst av gårde mot toppen av alle kl 00:45. Me starta frisk og hadde bra tempo opp den laaange bakken til Dome de Gouther og videre til Valon Shelter (tryggleikshytte). Men herifrå gjekk det sirup for alle penga. 10 - 20 meter og så bøying over isøks og pust og pes. Opp mot toppen blei me plassert av mange, men det gjorde intet. Alle var frisk ved mot og skulle på toppen samma søren. Me gjekk opp ein skarp egg i mørke som gjekk greit med stegjern og tau. DEnne kunne nok vøre litt skummel aleina... Den siste bakken var tilnærma evig, men med trassig og mykje pausing sleit me oss endelig opp på toppen 06:30. Frode tok situps og me kasta skeinebrett med energi som eigentleg ikkje var til stades. Nydeleg soloppgang var me flaksne med traff med og heile Alpelandskapet lyste opp i sin fulle prakt. Eg starta med høgdesjuke ca. på 4600 moh så det var ikkje mykje glede eg hadde av det... Nedturen var ein helsike må eg berre inrømma. Som svimmel, kvalm og manko på søvn er det litte vilje aliena kan gjera. Nokon spurte om det gjekk fint med meg og det gjorde det og til slutt. Fokuserte på å ikkje stoppa men berre gå og gå og gå sakte, sakte, sakte då eg frykta å sovna der oppe kan vera farlig. Tenk å sette seg ned bak ein haug og sovna og bli gjenglemt...
På morgonkvisten kom me oss ned til Ghouter og etter litt kvile i teltet heilt ned til trikkebanen igjen. På 3300 moh gav høgdesjuken seg, men kroppen var no såpass sleten at det var berre å komma seg ned på eit vis. Ole Thomas og meg laga litt sport å gå frå dei andre slik at me fekk anna enn kroppsslitasje å tenka på. Såg nokre flotte gemsar og litt liv, men det var enno flottar å få seg ein kebab i Fayet, ein dusj og ein gooood seng på *** - hotell (Mercur) i Chamonix. Det er noko spesielt og ha ein kronbauta som Mont Blanc i beltet. Spesielt når ein har måtte slita hardt og lenge for det.

NB! Vurder Ghouter Hut 2 gonger om du skal der. Denne rullande steiner - traseen er ikkje til å spøka med. Det er ikkje uten grunn at det dør folk her kvert år!


Tilbake til Frankrike
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset