Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Singapore
Asia
Fuktig og varmt
(Skrevet av øystein 07.06.2007)

Tur foretatt: Mai 2007.

Tok taxi frå Loyang Offshore Base til Bukit Timah. Taxisjåføren lurte på kva i alle dagar vi ville der, for der var no ingenting å sjå. Like etter at vi hadde sett oss inni taxien begynte det å regne skikkelig kraftig - sjåføren ropte på høgare makter om at no måtte regnet ta slutt for no skulle karane på Bukit Timah Hill. Og jauda, det slutta verkeleg å regne rett før vi skulle gå ut av bilen.
Bukit Timah er eit naturreservat, det er ikkje bilveg heilt opp på "toppen". Vi gjekk av taxien, fortsette på ein gangveg gjennom skogen. Der skal vere både kameleonar og ville aper, men vi såg ikkje noko anna enn eit par ekorn og eit forbudtskilt som viser at ein kan risikere bot viss ein mater apene.
På "toppen" står der ein stein som markerer høgste naturlege punktet i Singapore - 163,63 meter.

Men dette er ikkje det høgaste punktet i Singapore. Vi tok taxi derifrå til Mount Faber, dette er eit kunstig oppbygd parkområde. Derifrå tok vi "cable car" eller gondolbane over motorveien og sjøen ut til Santosa Island - ein skikkelig flott opplevelse.

Ein fin tur, der vi besøkte både høgaste naturlege og høgaste kunstige punktet i Singapore.

Også med på turen: 1, maskinist Ole Christian Farstad og elektriker Egil Bøen.


Tilbake til Singapore
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset