Fekk bli med Inge som vedheng på 1. klasse til Singapore. Med eit opplegg der vi skulle t/r Oslo-Singapore på fire dagar, Inge fullføre oppdraget sitt, ete og "by-titte" litt, valde vi enklaste løysinga for å komme oss dit - taxi. Vi hoppa av ved informasjonssenteret og så var det i grunnen berre å stige oppover. Asfaltert veg heilt opp. Rimeleg klamt og varmt, men muleg det berre var vi som hadde litt jetlag og hadde levd for godt kvelden før... Elles såg vi med stor interesse på dei som dyrka si spesielle interesse og så absolutt skulle gå baklengs - opp som ned - utan at det har freista oss å bringe trenden tilbake til nabolaget i Noreg. Vi raska oss ned igjen med nasen først, frua til avslapping ved bassengkanten midt i sentrum og Inge til sine møte.