Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Tyrkia
Asia
Tretopptur i Midtausten
(Skrevet av Anneli 09.10.2013)

Tur foretatt: August 2013. Andre på toppen: snilen

Etter ein vellukka Mongolia-tur for to år sidan, kom det invitasjon frå Lars til "gutta" - Tor og eg - om tur til Ararat. Vanskeleg å seie nei. Turen vart etter kvart utvida - låg ikkje Irans og Armenias nasjonstoppar like ved? Med på turen fekk vi også lokka med oss Aud og Torunn.

ARARAT - TYRKIA

Køyrde frå Van og brukte føremiddagen i Dogubayazit på å plukke opp fjellføraren og tillatelse til å klatre fjellet. Første etappe gjekk frå ca 2000 moh til basecamp på 3200. Vi hadde inga akklimatisering inne, så dagen derpå måtte vi tur-retur basecamp og camp 2 på 4200. Til vår store overrasking var det rigga opp eit brus-/ølutsal midt i bakken. Ikkje akkurat det ein kastar seg over medan lungene skrik etter luft på veg oppover, men vi lot oss freiste på veg ned… I denne delen av Tyrkia er det kurdisk som gjeld, eit språk ingen av oss var særleg støe i. Det vi imidlertid fekk med oss, var at den 14 år gamle søstra til føraren - ho var med for å lage mat - særs gjerne ville forsøke seg på toppen. Men utstyr skorta det på. Vi fekk samla saman av vår rike baggasje og jenta strålte. Den tredje dagen gjaldt det. Etter ei heller kort natt på 4200 starta vi medan det enno var skikkeleg mørkt. Tåke og kaldt. Mykje folk på denne toppen, ymse for og utrustning og ikkje få måtte snu. Tre som nådde toppen frå vår gruppe, Tor og Torunn måtte snu - magetrøbbel. Stas å stå på Ararat, men vi såg lite til Arken.

Det vart ein kvil i camp 2 på returen. På veg til basecamp vart vi overraska av ei gedigen haglbyge. Vi småsprang i hagl som la seg som eit 20cm tjukt lag. Lars (Snilen) hadde matvett og tok tilhald i ølteltet medan andre av oss prøvde å få ly under ryggsekkane. Basecamp såg ut som eit gjørmehol og vi brukte ikkje lang tid på å bestemme oss for å gå heilt ned og heller finne eit hotell i Dogubayazit. Dagen endte altså med 900 høgdemeter oppover og vel 3000 nedover.

Fekk oss ein rundtur i Isak Pasa, eit gammalt haremspalass, før vi snudde nasene mot Van der toget skulle ta oss inn i Iran.

DAMAVAND - IRAN

Togturen, som tok 26 timar, var ei oppleving i seg sjølv, men her gjeld det fjell - stort sett… Kom til Teheran kl 4 på natta og fekk stuva alle 5 (!) og bagasjen inn i ein drosje - ikkje varevogn. Noko uvant for damene å vere heilt tildekte, men vi fann kvarandre att i frukostsalen neste morgon med mykje flir. Vi måtte ut og fange pengar, og vi var fem nøgde menneske med ca 1 million rialar i lommene kvar då vi sette oss i bilen som skulle ta oss til fjella. Overnatting i Polar, ein klatrebase, før vi neste dag var kjørt opp på 3000 moh for å starte vandringa. Overnatta på 4200 moh i ei kald steinhytte. Langt frå så mykje folk her som på Ararat, men det var fint å møte fjellinteresserte iranarar, stolte av nasjonstoppen sin. Damavand er Midtaustens høgste vulkan og det ryk sprekt av han. Det dampar ut frå utrulege skorsteinar og hol i bakken frå 5000 og oppover, noko augo fekk merke då vi tok toppen etter ein kvile-/akklimatieringsdag. Alle til topps her :-)

Vi gjorde som i Tyrkia: Topptur og heile nedstiginga på ein dag, dvs. 1450 høgdemeter opp og 2600 ned og retur til Teheran. Deilegt med dusj og seng. Budde på eit 16 etasjars hotell med dreierestaurant på toppen og badebasseng - i alle fall for mannfolka… Vi fekk oss ein fin dag i Teheran - bazaren, moskear, sjahens palass, museum og folkeliv. Trur inntrykket vi alle sit igjen med er særs positivt - eit vakkert, storslagent land, fine folk med ein rik kultur både notidig og førhistorisk. Eg skulle gjerne reist meir i landet.

ARAGATS - ARMENIA

Frå Khomeini flyplass bar det til Jerevan. Her vart vi plukka opp av turens siste fjellførar. Armenia vart kristna i 301, som det første landet i verda, så eit besøk i Armenias svar på Vatikanet var obligatorisk. Verkeleg historisk sus over bygga her. Første overnatting vart på observatoriet på rundt 3000 moh. Etter Iran kjendes det særs skikktent ut her, så vi la soveposane forsiktig oppå alle dyner og teppe og sakna vatn til å få vaska hendene med. Trass i flittig bruk av antibac vart vi alle litt dårlege i Armenia. Vanskeleg å motivere seg til endå ein høg topp etter to på over 5000, men det var igrunnen ikkje noko alternativ å bli verande i leiren… Aragats har fire toppar, men nordtoppen er høgast. For å kome dit må ein opp mellom sydtoppen og vesttoppen, ned i krateret og så noko klyving opp. Dei siste 200 m gjekk over ein smal travers, og noko ubehageleg vart det av eit heidundrande lyn- og torevêr! Knapt så vi tok det obligatoriske biletet før vi krabba ned igjen.

Retur til Jerevan der det vart ein kviledag med innlagt shopping, soling ved bassenget, lange drinkar og god mat før vi vende heim til Noreg igjen. Tusen, tusen takk til Lars som fiksa eit fantastisk turopplegg, takk til damene for strålande humør og takk til Tor, som til alles store glede - ikkje minst fjellfolka vi hadde med oss - diska opp med kransekake på kvar ein topp!


Tilbake til Tyrkia




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset