Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Malawi
Afrika
The climbers of tomorrows mountains!
(Skrevet av Anders 17.12.2012)

Tur foretatt: Desember 2012.

Dato for erobring: 09.12.2012
Grunna regnsesongen som er hissig i januar og februar måtte vi framskunde vårt støtt mot sentral-Afrikas høgste topp før jul. Opphaldet her nede varer til siste del av april så hadde i bakhovudet at eit nytt forsøk var mogleg i mars/april om dette skulle feile.
Frå vår base i Lilongwe bruke vi Land & Lake Safaries som leverandør av tur. Det er fleire grunnar til bruk av selskap i staden for å dra sjølve, ein av dei er at det er frekvente drivstioffkriser i dette landet. Leverandøren er ikkje billig, men fult akseptabelt for 4 dagar alt inkludert: Vi brukte gode 500$ pr. Pers for turen og det var det faktisk verdt. Etter 5 timar til Blantyre og så 2 timar austøve kom vi til Likabula Forest Lodge for overnatting. Her var det full gjennomgang av kven som var guide, bærarar, kva som var tiltenkt rute og eg måtte jo legge inn eit par føringar, blant anna at Sapitwa, høgste punkt, var obligatorisk for vår framferd. Gjennomgangen var god og grundig, eg hadde lest meg opp på informasjon skaffet i bokhandlararen på Old Town Mall i Lilongwe og så er det ein kartbutikk i hovudstaden (ved golfbanen) også der ein kan kjøpe topografisk 1:40 000 - kart over fjellmassivet.
Neste dag brukte vi 2-3 timar til sjølve platået på ca. 1750moh. Tusen høgdemeter i varme omstende, men på artige stier. Herfrå var det skue av kva britiske tullingar har drevet med her oppe i fordums tid (planta meksikansk furu på land og aure i elvane) og skapt mykje trøbbel for naturlig habitat. Vi observerte også tjuvhogst av nasjonaltreet “Mulanje Cedar” som berre veks her oppe og diverre er svært ettertrakta. Midt på dagen, lenge før sola forsvann, kom vi til Chisepo Hut – den nyaste hytta på fjellet. Den ligg magisk plassert ved foten av Saptiwa, med utsikt mot Chilewasjølen og langt ned på slettene. Her er også ein deilig kjelde for å vaske skitne kroppar, med og utan klede på... Drar du her i regntida eller tørketida kan nok kulpen vere variabel i storleik, frå ingenting til stryk. Hyttevakten hadde varmt vatn til pikene på tur, Helene og Irene, og vi koste oss med god middag hosta opp av kokken vår, Peter, på høgfjellet. Overnatting tok vi ute på balkongen, og underteikna fekk ikkje sove grunna ei linje han hadde lest i heftet sitt; “Det er observert ein del leopardar som streifer rundt på Mulanje”!
Men ingen var spist neste morgon og vi var relativt tidleg av garde for ein lang dag. Lukkeleg hadde det ikkje regna mykje i løpet av natta så berget oppover var relativt tørt. For det er mykje “knausing og klyving” oppover og gull verdt med gode sko. Etter 1,5 time kom vi opp til topplatået og herifrå var det å åle som mellom steinar og buskar og berg mot toppunktet. Det lyna og tordna godt, og litt regn vart det etter kvert. På eit punkt var vår gode guide, Comestar, ute og sikra med tau for å trygge vår framferd. Vi passert også noko som likna kolosalt på eit kvinneleg kjønnsorgan rett før toppen, ei gigantisk fjellhole forma i det fruktbare teikn.
Etter 3 timar på ferd kauka vi i seiersrus på toppen sjølv om utsikta mangla. Det vart servert tidenes beste mango over 3000 meter, eit par bilete var knipsa før eit regnskyll av dimensjonar traff Sapitwa (som vistnok har tyinga “Der ein ikkje går” (for her bur dei døde sine sjelar). Vi kasta oss vestover att og kom til “Westpeak” mange berg, hopp, skliiing og klyving seinare. Her var det fin utsikt og no var det sjølvsagt fint der borte på Sapitwa. Frå her gjekk me skorpionruta sørvestover ned mot sadelpunktet der dei velutvikla stiane treff kvarandre. Det er mogleg å følgje raud merking sjølv ned her, men då må ein vere varsam for den er ikkje topp standard. Ein brasilianar kom på avveie ned her i 2009 og vart verande… Vi kom mette i beina fyrst til sadelpunktet og så ned i dalen til Lychenia Hut, ei skogshytte av ei anna type enn Chisepo. Litt rikmannsliv med varmt vatn og god mat fulgte så, og vi var no ikkje nok personar som freisa runde av kvelden med kortleik eller “Boa-game”. Nesten 10 timar på tur hadde satt sine spor. Tidleg kveld og innandørs soving på dobbel madrass denne natta. Ein må forøvrig ha 3 slike madrassar for å ikkje kjenne tresmak i hoftepartiet under soveseansen.
Siste dag var det opp att nord til sadelen og på sørsia av Likabula-dalen ned til startpunktet. Vi runda av turen med eit deilig bad i den flotte fossen/kjelda som dannar seg ca. 1 time frå Forest Lodgen. Heilt nede att på 800 moh var det å spise frukost (vi starta grytidleg denne dagen grunna lang reise heim att til Lilongwe før mørket kjem), tipse guidene respektivt (vi gav 3.000,- kwc kvar til bærarane og 6.000,- kvar til guide/hjelpeguide) då dei hadde gjort ein særs god jobb. Viktig å forklare at dei får pengane for vel utført oppdrag og ikkje donasjon frå rike kvitingar! Vi gav også 3.000,- til kvar hyttevakt i fjellet, det var kanskje litt mykje… Så var det å takke for turen og komme seg heim at til Lilongwe via Zomba. Land & Lake Safari er flinke folk og du får ein fin tur, men det kostar litt gryn.
Kjem du deg til Mulanje sjølv kan ein ta kontakt med Comestar for guiding, då går nok meir att til dei lokale ved foten av massivet. Det kostar ikkje mange tusen kwatcha og ein støttar lokale Malawianarar som djupt treng inntekta. I tillegg får ein god guiding, mykje kjekt selskap og kunnskap om folk og kva kår dei lev under. Det er kanskje norske hjarte nærast å kome seg til toppen utan hjelp, men i land der dei ikkje har råd til blikktak og sko bør ein vurdere å spandere på seg selskap i fjellet.
Kontaktinfo, direkte til fjellguide:
Namn: Comestar Supuni
E-post:
International tlf: +265 88 14 74 895



Data:
Tid på tur: 3 dagar i Mulanje 08. – 10.12.12
Tid brukt (normal tempo):
• Likabula Forest Lodge – Chisepo Hut: 6, 25 timar
• Chisepo Hut – Sapitwa: 3 timar, Sapitwa – Scorpion patch – Lychenia Hut: 6 timar
• Lychenia Hut – Likabula Forest Lodge: 4 timar (inkl. 0,5 t Bading i fossefall)
1.000,- kwc er pt. 18 kroner.
Turtips: Sko med god såle (Vibram) og bruk av Mulanje Mountain Guides.


Tilbake til Malawi




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset