Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Irland
Europa
I found my thrill...
(Skrevet av Anders 17.08.2012)

Tur foretatt: Juli 2012. Andre på toppen: Jarle

Erobring: 22.07.2012

Ein ikkje tilfeldig valt ferie i Irland og Killarney endte med toppstøtt fyrste heile dagen vi var der. Litt leit at det dagen før hadde vore silkevær og utsikt slk ein sjeldan har det her på den sørvestre Irskekyst.
Men vi var førebudde på grisever og starta frå Cronin's Yard saman med mange andre. Vestavinden fauk kjapt over oss og vi gjekk i kraftig motevind. Etter 1t 10min var vi ved foten av Djevelens stege og her snudde mange av våre lokale heltar i kvite tennissokkar og raude leggar. De var "oppoverregn" og skydekt topp så kunne ikkje klandre dei.
Vårt fantefølgje tok fatt på vegen opp stegen og det gjekk sakte, men greit på glatt føre. Anbefalt gode sko her. Var oppe i sadelen etter 2:12 og 2:58 på toppen.
Alle 6 (nordmenn) kom opp, ein stor siger for truppen. Rundt oss for det Irer og engelskmenn kvilelaust vandrande og hutrande, dei hadde ikkje kart, kompass, sko eller klede for å takle klimaet her oppe. Vi fekk seinare høyre det rauk med eit par i året på fjellet - vi er ikkje overraska.
Ned att kjapt då det var riktig så ugjestmildt. Vi tok oss godt med tid ned stegen for å hindre ulykker og fekk nesten fønvind i ryggen ned att til Cronin's Yard. Ingen ølsal her og ferie med, men ein kopp kaffi var ikkje feil, det heller.

Tips! Er det flott ver vil eg anbefale "hesteskoruta" andre har teke, men er det grisever og du har gode sko er dette eit godt alternativ.

Tips2! Chapter 40 er ein fantastisk restaurant med Early Bird Special


Title
Sport Hiking
Start Time Jul 22, 2012 11:23 AM
Distance 13.62 km
Duration 5h:12m:17s
Avg Speed 2.6 km/h
Max Speed 11.8 km/h
Calories 2604 kcal
Altitude -14 m / 1047 m
Elevation 1049 m ↑ / 864 m ↓

Dagens dyr: Likbleike engelskmenn i tights


Tilbake til Irland
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset