Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Swaziland
Afrika
Mswati III si leikegrind
(Skrevet av Anders 10.08.2011)

Tur foretatt: August 2011.

Emlembe, 1862 moh
05.08.2011 Kongedømme Swaziland

Vår offisielle omtale av ferien var ”ein 3 vekers greie i Sør-Afrika og Mosambik”. Kun for spesielt interesserte gjekk vi inn og formidla at ruta frå Cape Town opp langs kysten til Vilanculos gjekk via den vetle flekken Swaziland, kong Mswati III i leikegrind.
Etter 3 dagar i St. Lucia og Isismangaliso Nasjonalpark var vi mette på endelause strender, nattsafari og flodhestar i gatene. No var det dags å vitje fattigfolket i nordaust med ein gjennomsnittlig levealdre på 31 år (AIDS++)… Målet for overnatting var Bulembu Country Lodge, men her var det fullbooka og landet har få overnattingsplassar i mellomklassen å by på. Vi endte opp med eit hyggeleg skogsparadis 27 km utanfor hovudstaden Mbabane, med namnet ForesterArms. Pluss var maten, minus var maur på rommet.
Det var i utgangspunktet 6. august vi hadde satt av til fjelltoppen, men etter kontroll av vermeldinga og det faktum at det var min gebursdag vart toppstøtet utført 5. august. Vi hadde litt frafall ved start så det vart frøken Dings og meg som tok den innhaldsrike turen til Bulembu og Emlembe. Den gjekk vi Piggs Peak og herifrå vart asfalt skifta med mykje ufin grus der høg bakkeklaring og 4-hjulsdrift er anbefalt. 18 km med rumpemasasjen seinare kom vi gjennom bommen til Bulembu. Vi fatta ikkje at det kunne vere golfbane, der andre hadde tipsa om start på turen, i dette armods hjørne av verda og resepsjonisten på Bulembu Country Lodge ville ikkje seie eit kløyva ord om kvar vi skulle starte frå mot den godt synlege toppen. Tvert i mot nekta han oss å gå opp utan gaid då fjellet var ein del av samfunnet i Bulembu og vi måtte bidra og det var skummelt og lalalala. Gaiden var for øvrig sjuk, så det kunne ikkje verte tur i dag fekk vi høyre. Eg er ganske døv på akkurat det øyre, men lova han og komme ned att og slenge nokre shilling i Bulembukista etter turen. Det såg faktisk ut som dei hadde bra greier på gong her etter nedlegginga av gruva(2003), no var folketalet auka frå 100 til 2000 att (10000 før gruva stengde), gledelig!
Det var ei kvit, eldre dame som vart lyspunktet(*) vårt for å finne vegen der vi kunne parkere bilen og starte. Ho, som einaste kvite person i mils omrekts, kunne fortelje at det før låg ein golfbane på toppen av bakken mot Piggs Peak, vi skulle svinge inn etter å ha passert eit falleferdig busskur. Her låg no byens meieri, sa ho. Gudane må vite at det hadde vore artig med ein middag med denne damen og høyrd livshistoria hennar.
Vi fann avkjørsla som ikkje er veldig markant og køyrde eitt par hundre meter inn til vi fekk meieriet på høgre hand. Her starta eit TexasMayhemDee Snider-psyko grusveg oppover åssida. Sjølv ein vestlending var undrande til dette, men bilen var riktig sprek så vi gjorde eit forsøk. Ein svær haug med skuleungar kom nedover og sende skeptiske, nysgjerrige blikk mot kvite folk og den altfor flotte leigebilen. Ein lerar roa oss ned og sa det berre var å parkere ved butikken på toppen av åsen. Vi fortsatte husketuren og kom fram etter 10 minutter sakte køyring frå meieriet. Her var ein butikk av det meget sjabre slaget, men folket der som sleit ein smule med engelsken, var joviale og tilsynelatande ærlige. Det var til og med ein kar som kom og sa han var lokal politimann som smilte og sa at bilen var trygg, ”det tar eg meg av!”. Vi tok dette for god fisk, sjølv om vi ba om flaskevatn i butikken og dei peike på eit badekar ut på jordet som var området si vannforsyning!
Det var å følgje naturlige grusveg oppover i retning toppen og etter 15 minutt var vi utan folk og buskap og åleine på ein sadel mot toppen. Eg gløymde solbrillane mine her under solkremsmørning og rekna ikkje med å sjå meir til dei. Turen oppover er via skog, bratt bakke og så kjem ein til grensegjerdet mellom Swaziland og Sør-Afrika. Det var å følgje det oppover der vi kjapt fann ein sti mot toppen. 1t 10 minutt etter start frå bil stod vi på toppen, besudla av gjerde og skrott (mest hjå Sør-Afrikanarane). Det såg ut som det var fult mogleg å ha ein fin tur til toppen også frå hi sida, bør sjekkast for den som absolutt vil styre unna ein tur til Swaziane. Flott utsikt, ei lita bris og ein verdig nasjonstoppgebursdagskjensle strauma gjennom kroppen.
Ned att gjekk det relativt fort grunna lyset tross litt leiting etter kor vi gjekk inn på stien i skogen. Pass på dette når du går oppover! Vi kom ned til bilen utan å ha funnet solbrillene, men ein litan gut kom med spørjande blikk om dette kunne vere vår eigendel og løfte dei flotte brillane mot oss. Eit flottare møte kunne vi ikkje bed om og den vetle karen endte opp med presang sjølv denne dagen, tross problem med å få dei på seg rett veg. Politimannen fekk også nokre mynt for å passe bilen og vi skunda oss heim att i solnedgongen, lukkeleg vitande om eit rørande møte med livet.
Ps. Vi stakk ikkje attende til surpompane i Country Lodgen, men vil gje vår støtte til samfunnet i Bulembu i etterkant. Ønskje nokre å lese meir og bidra kan det gjerast på http://bulembu.org/




Tilbake til Swaziland




 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset