Ny bruker
Logg inn
 
Nasjonstopper
Seven Summits
Siste rapporter
Siste bilder
Topplister
 
UZJglwlz
1 m
Vatikanstaten
Europa
Forvirra gaid i Pavens Hage
(Skrevet av Anders 16.11.2010)

Tur foretatt: November 2010.

15.11.2010 11:52
Vi fulgte god omtale frå JoSo og forsvann ut på gaidet tur i Pavens hage med 15 andre turistar. Ingen der var spesielt interessert i fauna og flora så den einaste som stilte spørsmål var meg kor høgste punkt var og forsikring om at vi stakk opp om der.
Frøken gaid var meir oppteken av botanikk, gartnerarane sin buplass og diverse marmor, så då vi stod på helikopterplassen til paven og ikkje såg skilt med høgste punkt vart vi litt forvirra. Ho kunne ikkje hjelpe oss, men eit par amerikanarar peika på at den bakkjen der borte ser litt høgare ut.
VI fortsatte turen opp der og fann døra med inskripsjon i muren: 75,501 moh. Herlig!
Heile gruppa tykte dette var særs morosamt og mange nytta høve til å sikre seg ein nasjonstopp i samlinga si. Gaiden som ville vise oss den italienske delen av hagen var berre sånn passe nøgd, men men. Ein fin tur i fint ver. I regnver; HUGS regntøy eller paraply - det er ingen tak her.


Tilbake til Vatikanstaten
 
© World Wide Vikings  -  E-post: firmapost@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset