GRATULERER TIL GAMME&CO
(14.juni - av Frode Høgset)
 
Vi møtte ein stor norsk ekspedisjon leda av Aleksander Gamme medan vi var på Elbrus. Dei hadde toppforsøk i går, og rapporterer at alle 15 kom til topps. Vi gratulerer og reknar med dei har ei flott feiring i Cheget i kveld :-) Norge er best!!!
 

HEIME IGJEN
(13.juni - av Frode Høgset)
 
Ja, så var nok ein tur over. Det spøkte ei stund for at vi måtte utsette heimreisa på grunn av demonstrasjonar og stengte vegar i Baksan-dalen. Det er ingen tvil om at finanskrisa også har nådd Russland, og mange av dei som jobbar i turistnæringa i Elbrus-området har også mista jobbane sine. Heldigvis for oss vart aksjonen avblåst etter knapt ein dag, slik at vi i dag tidleg kom oss tilbake til flyplassen i Mineralnye Vody utan større problem enn det den sedvanlege laurdagstrafikken baud på. Laurdagen er som i mange andre land også i Russland den store handledagen i løpet av veka, og trafikken gjennom dei større sentruma var ganske tett.
 
I Moskva fekk vi nokre timar ventetid som vi brukte bla.a. på eit godt måltid på Airport View Restaurant.
 
No sit eg og Arne på Gardermoen og ventar på nattbussen heim til Oppdal og fordøyer inntrykka den siste veka har gjort på oss. Opplevingane på fjellet har vi forsøkt skildra undervegs både med ord og bilde, men det er ikkje mogleg å vise meir enn nokre få glimt i ein slik blogg. Vil du vite meir, må du reise dit sjølv og oppleve sjølv. Og ein tur til Kaukasus kan varmt anbefalast enten du skal bestige Elbrus eller vandre i ein av dei flotte dalane i området. WWV kjem til å arrangere iallfall ein tur til Elbrus i mai/juni neste år. Vi har no etablert eit godt kontaktnett der nede når det gjeld transport, overnatting, mat og ellers den servicen ein treng for å gjennomføre ein ekspedisjon til Europas tak i den fantastiske fjellverden som Kaukasus er.
 

Meir info om Elbrus-turen neste år kjem på www.wwv.no.
 
 
VI KLARTE DET!!
(11.juni - av Arne Opdahl)
 
Vi klarte det!! Etter å ha nådd målet som var å bestige Europas høgste fjelltopp Elbrus på 5642 meter er vi nå nede i sivilisasjonen i Cheget/Azau igjen. Vi har oppsummert opplevelsen, og konklusjonen er klar: Denne opplevelsen anbefales!
 
Vi starta fra dei så kalla tønnene (Barrels) klokka 0400, etter å ha fått frokost servert av kokka vår, Olga. Så brukte vi tråkkemaskin sammen med fire spanjolar eit stykke oppover, før turen starta på 4550m kl 0445 med ski og skarejern for to av oss, fjellsko og stegjern for dei to andre. Knallvær, sola kom opp og brakte temperaturen oppover mot null. Stigninga var bratt, og på grunn av blåis måtte skia etter ei stund av, og stegjerna på for oss andre også. Den såkalla traversen var tung og lang, og ein litt for hard akklimatiseringstur dagen før toppstøtet var nok medvirkande til at bakken var ekstra tung. Arne gikk no med Randoneeski, mens Dag, Rune og Frode gikk med stegjern. Oppe i salen mellom østtoppen og vesttoppen tok vi rast, på 5350 m.
 
Slitne var vi, men ingen var i tvil, opp skulle vi! Derifrå var det stegjern og isøks som brakte oss bratt opp på ryggen og bort på toppunktet som er mye meir trangt enn det ser ut til på avstandsbilder. På slutten fikk vi nok ein gong erfare at været er ekstremt skiftande, og vinden økte på og snøver gjorde det litt surt medan vi behørig fotograferte og poserte for kvarandre. To trivelige polakkar var på toppen sammen med oss, og vi jubla i euforisk topprus.
 
Uforståelig for mange, men for oss som har denne sjuka er det denne følelsen som er ein del av dette fantastiske og ubegripelige. Det å ha mådd nålet, å ha hatt det trivelig sammen mens vi jobba oss oppover, og så å stå på toppen. Enkelt nok sagt ikkje minst fordi den ganske enkelt finns! Så er for nokre av oss like fantastisk denne ubeskrivelige gleda ved å ta seg nedover bratte fjellsider i meir eller mindre elegante svingar. I dette tilfellet har vi hatt mange tusen høgdemeter med knallføre nedover. Viktig er nok også den enorme mestringsfølelsen med heile prosjektet og alt som er knytta sammen med dette fjellivet som vi dyrkar så intenst.
 
Mens eg skriv dette sitt vi på eit hotellrom i sivilisasjonen. Vi har vore på ein kjempetrivelig lunsj med kontakten vår Gia, vi har vore på markedet her i Cheget, og handla souvernirar. Dei lokale matronene i markedsbodane har til dels overraska med å snakke litt engelsk, i motsetning til mange her. Servicen er upåklagelig, blant anna har vi fått lovnad på heimestrikka luer med spesialtilpasning og Elbrusmotiv til i morgon tidlig! Vi har på turen sett eit samfunn i utvikling, men med eit ubenytta potensial som er over alle grenser, bokstavelig talt. Vi har opplevd forhold som Miljøretta helsevern og Mattilsynet ville har reagert kraftig på, men som vi lærer mykje av.
 
Vi har opplevd eit folk som har sine oppfatningar om utviklinga under Putin, og etter Sovjetunionens fall. Det er ei klar oppfaning av at ikkje alt vart til det bedre når det gjaldt satsinga i Elbrusregionen. No er det bygd ein ny kabinbane, og ein ny lenger oppe er klar til komersiell drift. Små investeringar ville ha betydd mykje forstandarden på tilboda, men som dei seier, folk kjem no lell!
 
Vi har opplevd eit samfunn som brått mista all kontakt med nabolandet Georgia, som dei tidligare hadde mykje kontakt og samarbeid med. Kombinasjonen av fjellturismen i Elbrusområdet og lavlandsturismen ved Svartehavet var naturlig nok ein vinnar, der synergieffekten var stor.
 
Vi har opplevd eit samfunn der korrupsjon og bekjenntskaper betyr mykje for å åpne dører og å få ting til å skje, på godt og vondt. Fattigdommen og forskjellane i livsstandard er åpenbare, men til tross for dette er det eit folk som er utruleg trivelige og vennlege, med ein stolthet og kulturell ballast som pregar dagliglivet. Vi står han av og gir ikkje opp er mottoet, tydeligvis.
 
Alt i alt, nok ein topp tur med World Wide Vikings!!
 
 
JUB-ELBRUS - ALLE FIRE PÅ TOPPEN
(10.juni - av Frode Høgset)
 

Frode, Rune, Dag og Arne på toppen av Europas høgste fjell, Elbrus.
 
Fyldig topp-rapport kjem i morgon.
 
DAGEN FØR DAGEN
(9.juni - av Frode Høgset)
 
I dag har vi hatt ein strålande akklimatiseringstur opp til Pastukhov Rocks, ca 4700 moh, men det aller beste med dagen var nedkøyringa. Nesten 1000 høgdemeter med tilnærma pudder! Det tynne laget med snø som kom i løpet av kvelden og natta gjorde susen.
 

Flotte forhold for ski i dag.
 
Natt til i morgon (onsdag) kl 4 russisk tid (kl 2 norsk tid) startar vi mot toppen. Først med beltebil opp til 4550 moh (litt under der vi snudde i dag). Deretter er det eit parti med vekselvis snø/is. Dag og Frode går med fjellsko og stegjern herifrå og til toppen, medan Arne og Rune satsar på å kunne gå på ski opp til like under toppen. Det burde gå bra slik forholda var i dag. Det siste partiet mot toppen (200 høgdemeter) er nok for isete og bratt til å gå med ski. Vervarselet for i morgon er veldig bra. Lite vind og lite skyer, men erfaringsmessig tek vi ingenting for gitt.

 

Dit skal vi. Draumen er å få slike forhold under toppforsøket vårt i morgon.
 

I dag fekk vi filma mange flotte scener.
 

Her er ruta vår til toppen.
 
MED TOPPEN I SIKTE
(8.juni - av Frode Høgset)
 
Vi er godt i gong med akklimatiseringa og heile gjengen verkar til å takle høgda bra. Vi har no flytta opp frå hotellet i Cheget (2100 moh) til nokre koselege tønner ved toppen av skiheisene på 3720 moh. Nede i dalen var det dårleg med satelittforbindelse, men no når vi har flytta opp på fjellet skal vi prøve å bringe daglege rapportar her. Vi startar med å gi ei lita oppsummering av dei første dagane av ekspedisjonen.
 
Dag 1 - Den lange reisa
Kl 7.30 stod fire forventningsfulle ski- og fjellentusiastar på Gardermoen klare for eit nytt eventyr: Å stå på ski og snøbrett frå Europas høgste fjell, Elbrus. For Arne, Dag og Rune var dette første besøk i Kaukasus, medan eg (Frode) var her i 2001. På reisedagen måtte vi bruke 3 ekstra timar i Moskva, fordi det første Aeroflot-flyet vi gjekk ombord i ikkje fekk start. Dette gjorde at vi ikkje kom fram til hotellet vårt i Cheget (like ved foten av Elbrus) før klokka var nesten 3 på natta. Hotellet var ikkje så gale som vi hadde frykta, og vi var også heldige med den russiske guiden vår. Gia, som han heiter, er sannsynlegvis den russiske guiden som er best i engelsk, og med sin rutine (79 gongar på toppen av Elbrus) har han mange verdifulle tips å dele med oss.


Forventningsfull gjeng på flyet mellom Oslo og Moskva.
 

Eit norsk par som vi møtte på flyplassen i Moskva. Dei skulle også vidare med samme fly som oss.
 

Ventetid på flyplassen i Moskva kan enkelt forkortast med litt russisk øl.
 
Dag 2 - Akklimatisering på Mount Cheget
Etter å ha brukt halve natta på å køyre frå flyplassen i Mineralnye Vody, tok vi ein litt sein frukost og kom oss ikkje avgårde med Cheget skiheis før klokka var 11. Heisen, som i følge Rune var av same type som Opheimsheisen i Voss, tok oss opp til 2700 moh. Herifrå gjekk vi roleg opp til rundt 3100 moh. Det vart ein tung start i våt snø, spesielt for Dag som ikkje hadde alt for mykje trening på ski denne sesongen. Rune og Dag snudde på 3100 m for å vere sikker på å rekke heisen ned igjen, medan eg og Arne gjekk vidare heilt opp til toppen av Mount Cheget på 3400m.
 

Hotellet vårt i landsbyen Cheget ved foten av Elbrus.
 

Dag på veg opp med Cheget skiheis.
 

Arne på toppen av Mount Cheget, 3400 moh.
 

Herleg frikjøring ned frå Mount Cheget.

Dag 3 og 4 - Med toppen i sikte
I to dagar no har vi flytta akklimatiseringa til Elbrus. Begge dagane har vi tatt gondolheisen frå Azau (2350 moh) og opp til Mir heisstasjon på ca 3500 moh. I går gjekk vi roleg opp til Diesel Hut på 4050 moh. Diesel hut er ei gammal hytte som i 1999 vart ødelagt i ein brann. No held russarane på å bygge ei ny Diesel Hut like ovanfor den gamle.
 

Den nye Diesel Hut er under oppføring. Elbrus i bakgrunnen.
 
I dag har vi flytta oss opp frå hotellet i Cheget til Barrels som ligg ved toppen av øverste skiheisen på Elbrus. Barrels eller tønnene har stått her sidan 80-talet og vart først nytta av Sovjetiske langrennsløparar som ofte hadde høgdeopphald her. No vert tønnene nytta av folk frå alle nasjonar som kjem hit for å bestige toppen av Elbrus.
 

Dag med Barrels (tønnene) i bakgrunnen, 3720 moh.
 

Arne kjenner at forma er i anmarsj etter nokre dagar med forkjølelse og hodepine.
 

I dag skifta veret fort mellom steikande sol, skodde og lett snøver. 


© World Wide Vikings  -  E-post: webmaster@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset