Ny bruker
Logg inn

Aconcagua 2009/2010
(Oppdatert 17. januar 2010 kl 22:08)

Gjestebok for Aconcagua-ekspedisjonen

Arne, May Britt og Børre er no på veg heim, medan Petter, Dag, Sigbjørn, Tore og Runar har nokre dagar til ved Stillehavskysten før dei vender nasen heimover igjen.

Dag 20: Arne måtte snu på ca. 6.100m
Arne måtte dessverre snu på sitt toppforsøk. Vi kjem tilbake med detaljar rundt det, men foreløpig veit eg ikkje anna enn at han snudde på ca. 6.100 m og er på veg ut av fjellet no.
Petter og resten av gjengen er i Viña del Mar ved Stillehavskysten.
Frode

Dag 17: Ingen har vore på toppen, alle samla i BC
Hei!
Då er vi alle samla i BC. Ingen har vært på toppen. Lørdag: Petter, Dag, Sigbjørn, Tore og Runar kom opp til 6350m og blei stoppa av kraftig vind ved independenzia. Alle andre toppforsøk blei avslutta samtidig.
Søndag: Miki (lokal guide), May-Britt og Børre måtte snu pga utmattelse. Arne var igjen i C2 med symptom på høgdesjuke. Arne blir igjen i BC og prøver eit nytt forsøk på toppen torsdag. Resten drar til Chile onsdag.
Mvh Dag

Ventar på rapportar frå Aconcagua
Ingen oppdateringar foreløpig. Vi veit det er litt vanskeleg fordi det ikkje er mobildekning før dei er heilt ute igjen av Vacas-dalen. Eventuelle meldingar må sendast frå Base Camp ved at dei låner satelittutstyr der. Uansett burde det ikkje ta så lang tid før neste oppdatering, enten det kjem frå Base Camp eller frå Puente del Inca.
Frode

Dag 15: Ventar på rapportar frå Aconcagua
I følge siste rapport, er det i dag første toppforsøket skal foregå. Klokka er no 14:15 i Argentina, og det er i desse tider at dei normalt skal vere på toppen. Vi ventar alle spent på å høyre rapportar frå Aconcagua. Eg er usikker på om det kjem i dag eller i morgon, men uansett skal eg legge ut så snart eg høyrer noko.
Det er fleire som etterlyser det å kunne sende helsingar. Det er ikkje mogleg å ta imot helsingar oppe i fjellet, men eg skal sørge for at ei gjestebok er på plass her i løpet av kvelden. Så kan alle som vil sende helsingar som ekspedisjonen vil kunne lese så snart dei er nede igjen av fjellet.
Frode

Dag 12: Ny oppdatering frå gjengen i Argentina
Hei!
Sitter nå i BC.  Det er meldt mykje vind eit par dager no, så toppforsøk er utsatt til Søndag 10/1.  I denne gjengen som vil prøve då er Petter, Dag, Runar, Sigbjoern og Tore være.  De 4 førstnevnte var i går i kraftig vind nesten opp til C2 på 5600m.  Alle har det bra.  For øyeblikket er Dag, Petter, Sigbjørn og Runar i BC og drar til C1 Fredag osv oppover neste dag og toppdag som nevnt Søndag. Resten av gjengen er i C1.
Mvh Dag

Dag 12: Oppdatert vervarsel
Ingen nye rapportar frå Aconcaguagjengen foreløpig, men oppdatert vervarsel viser at det er fine meldingar for laurdag og søndag med relativt lite vind på toppen.
Frode

Klikk her for langtidsvarsel for Aconcagua.

Dag 8-10: Ventar på finare ver
Petter, Sigbjørn, Runar og Dag er no i Camp 1 (ca. 5000 moh) og ventar på litt finare ver før dei kan fortsette vidare mot toppen. Akkurat no er det for mykje vind, men vi får håpe det betrar seg snart. May Britt, Tore, Arne og Børre har også vore ein tur oppom Camp 1, men er nede i Base Camp igjen for å kvile. Dei har ikkje hatt like lang akklimatisering som den første gruppa, så dei treng derfor litt lenger tid før dei kan prøve seg på eit toppstøt. Sjølv om veret er dårleg er iallfall forma og humøret på topp hos heile gjengen. Ventetida slår dei i hjel med ekspedisjons-kortspelet Viggo. Det er blodig alvor, for å tape i Viggo er mykje verre enn det å ikkje kome seg på toppen. Vi ventar spent på å høyre om både verrapportar og om stillinga i Viggo-konkurransen.


Heile gjengen (minus fotograf Arne) samla i matteltet i Base Camp.

Dag 7: Framme i Base Camp
Jippi!!!!  Vi fikk leige internet i BC (4200).
Då har vi alle kommet til BC. Alle er i god form. Arne sliter litt med bihulene men har kommet seg. Turen til nå har vært flott og de siste dagene har det vært flott vær både i dalen og på toppen. Vi kommer til å dele oss inn i 2 grupper. Eg, Petter, Sigbjørn og Runar er godt akklimatisert frå før og vi håper vi kan få tatt eit toppstøt 6/1. Det avhenger selvsagt av vær og om alle er i form. Gruppe 2 vil utføre toppstøt 4-5 dagar seinare. Alt er herlig her i BC. Stort flott telt med god mat og god bevertning. Maten til nå har vært utmerket. I mårra er det kviledag.
Vil helse frå alle GODT NYTTÅR!!!!!!!
Mvh Dag og resten av gjengen

Dag 4-6: Punta de Vacas-Casa de Piedra
Ingen nye rapportar frå reisefølgjet på Aconcagua. I Vacas-dalen er det ikkje mobildekning, og vi reknar med nye oppdateringar når dei kjem fram til Base camp i morgon. Der har dei iallfall tilgang på satelittkommunikasjon. I dag er dei etter planen i Pampa de Lenas, 3300 moh. I morgon går dei den siste biten opp til Base camp på 4200 m.

Dag 3: Mendoza-Puente del Inca
I går kveld norsk tid kom reisefølget på 8 fram til Puente del Inca, 2680 moh. Ein god del av utstyret skal sendast på ryggen av muldyr innover til base camp (Plaza Argentina). Gårsdagen gjekk derfor med til ompakking og til å forberede seg på første etappe innover Vacas-dalen til Pampa de Lenas, ca 3000 moh.



Dag 1-2: Alle samla i Mendoza
Arne, Tore, May Britt og Børre starta si Sør-Amerika reise laurdag ettermiddag. Litt over eit døgn etter rapporterer Arne at dei er trygt framme i den første stoppestaden, Mendoza i Argentina. På vegen dit vart dei foreina med Petter, Runar, Dag og Sigbjørn på flyplassen i Santiago, Chile.
I morgon er planen at dei først skal ordne med 'permits' i Mendoza før dei reiser med minibuss vestover til Puente del Inca, som ligg like ved startpunktet for fotturen inn til Aconcagua.
Klikk her for å lese om turen til Chimborazo i Equador
Klikk her for å lese om turen til Pico Bolivar i Venezuela
Klikk her for å lese om turen til Mount Roramia i Guyana
© World Wide Vikings  -  E-post: webmaster@wwv.no - Webdesign av Frode Høgset